Skal kartlegge vår informasjonsberedskap med fersk ERC
Kor budde er kvar enkelt av oss til å skaffe oss rett informasjon og engasjere oss når det trengs? Medieprofessor Hallvard Moe får prestisjestipendet ERC Consolidator Grant frå EU for å betre skjøne vanlege folk si evne til å skaffe seg informasjon og engasjere seg i demokratiet.

Hovedinnhold
– Ein fÃ¥r inntrykk av at folk er anten er heilt passive eller heilt rabiate i det offentlege ordskiftet. Det stemmer ikkje, og vi treng ei ny tilnærming for Ã¥ forstÃ¥ borgarane si rolle i demokratiet.Â
Det seier medieprofessor Hallvard Moe. Med det høgthengande ERC Consolidator Grant i banken vil han kartlegge korleis vi er budde til Ã¥ engasjere oss nÃ¥r vi treng det.Â
Binge på Netflix eller ty til gatene?
Bakteppet er at demokratiet i heile verda er under press. Den offentlege debatten er fragmentert, sosiale media blir styrt av algoritmar, og propaganda og desinformasjon trugar.Â
– Tenk berre pÃ¥ alle opptøyane mot covid- restriksjonane! Dette illustrerer djupare problem, med stikkord som fragmentering, populisme og polarisering. Borgarane fÃ¥r skulda for desse problema. Ein fÃ¥r inntrykk av at anten sÃ¥ sit vi heime og ser pÃ¥ Netflix, eller sÃ¥ er vi ute i gatene og forfektar konspirasjonsteoriar. Vi trur ikkje at det er sÃ¥ enkelt, og vi treng Ã¥ forstÃ¥ kva vi stÃ¥r oppe i, seier Moe.Â
Motvirke dystre spÃ¥domarÂ
Moe meiner det er pÃ¥ tide Ã¥ revurdere idealet om den informerte borgar som eksisterer innan samfunnsvitskapen.Â
– Vi samfunnsforskarar har visst i nesten hundre Ã¥r at folk ikkje brukar sÃ¥ mykje tid pÃ¥ politikk i kvardagslivet sitt. Samtidig sÃ¥ har vi dette idealet om den opplyste og informerte borgaren. Den ideen styrer samfunnsforskinga. Vi testar sÃ¥ korleis folk eigentleg er, og dÃ¥ blir det nedslÃ¥ande funnet at folk ikkje lever opp til idealet. DÃ¥ finn vi at folk er ignorante og uinteresserte i Ã¥ engasjere seg pÃ¥ ulike omrÃ¥de. Med slike funn fÃ¥r vi oppslag med dystre spÃ¥domar om demokratiet si framtid, og radikale forslag pÃ¥ korleis vi skal løyse demokratiet sitt problem. Vi har sett forskarar foreslÃ¥ i fullt alvor Ã¥ ta vekk den universelle stemmeretten!Â
– I staden for Ã¥ tenkje at folk er konstant pÃ¥kopla og gir konstant merksemd til eit tema, sÃ¥ mÃ¥ vi sjÃ¥ pÃ¥ folk sin beredskap. Med det meiner eg at vi er i ein slags «stand by» – tilstand, seier Moe.Â
«Stand by»Â
Gjennom ERCen Prepare skal Moe finne ut kva det er folk har i sin beredskap som dei kan kople pÃ¥ nÃ¥r dei treng det. Det kan vere alt frÃ¥ ein god kollega eller ektefellen, til nettverk og sosiale media, eller favorittkanalen pÃ¥ Youtube.Â
– Kva er beredskapspakken for ulike folk i samfunnet? Det er det første vi skal finne ut, seier Moe.Â
Vidare skal Prepare kartlegge om folk sin beredskap fungerer når dei treng å kople seg på. Prosjektet skal granske tre nivå av folk sin informasjonsberedskap.
– Vi skal for det første sjÃ¥ pÃ¥ den akutte beredskapen. Finn vi fram til den informasjonen vi treng nÃ¥r det hastar?  Det blir pandemi, og vi mÃ¥ hive oss rundt. Tsjernobyl blir bomba og vi treng info for Ã¥ handle rett. Vidare skal vi sjÃ¥ pÃ¥ val, der ein forventar at borgarane skal gjere noko, nemleg gÃ¥ og stemme. Det siste nivÃ¥et er kvardagspolitikken. Korleis koplar folk seg pÃ¥ dei meir langdryge og keisame prosessane med utreiingar og plandokument?Â
Grunnarbeidet gjort saman med kollegaer
ERC gir Consolidator Grant til forskarar som dei reknar som lovande og som dei meiner har hatt ei særskild tyngde i forskinga til no, og som har presentert banebrytande, originale idear.Â
– Dette prosjektet gir meg eit einestÃ¥ande høve til Ã¥ bruke tid og ressursar pÃ¥ Ã¥ finne nye mÃ¥tar Ã¥ studere grupper som er krevjande Ã¥ nÃ¥. Eg kan verkeleg fordjupe meg i teoretiske spørsmÃ¥l som andre prosjekt sjeldan gjer tid til, seier Moe nøgd.Â
Moe framhevar særleg samarbeidet med medieforskar Brita Ytre-Arne om Mediebruksgruppa som avgjerande for at han no fÃ¥r ERC- finansieringÂ
– Eg hadde ikkje fÃ¥tt dette stipendet hadde det ikkje vore for arbeidet som er lagt ned i Mediebruksgruppa som Brita Ytre-Arne og eg leier. Fagmiljøet her har alt Ã¥ seie, seier han.Â